Vesten si neglisjering av pålegget frå folkemord-domstolen i Haag har skapt ein ny situasjon for verda, juridisk, politisk og moralsk. Israel, og med USA som medskuldig, har med det sette seg sjølv utanfor folkeretten.

Det gjer det naudsynt for alle som framleis vil ha ei regelstyrt verd, å handle, slik Sør-Afrika har gjort. ”Fredsnasjonen” Noreg må gjere meir, og det så kraftfullt at det merkast i Jerusalaem og i Washington. Skandinavia kunne trengt ein Olof Palme. Tar du utfordringa, Støre?

Dagen etter at ICJ påla Israel å gjere alt som står i deira makt for å hindre folkemord i Gaza, trappa Israel opp angrepa, medan USA, og etter kvart 13 andre land, vedtok å fjerne løyvingane til UNWRA, som er den viktigaste organisasjonen som held liv i flyktningane i Palestina. Og det etter udokumenterte skuldingar frå Israel. Eksgeneral Giora Eiland ser no ut til å få oppfylt ønsket om ein epidemi og hungersnaud på Gaza.

Med Vesten si neglisjering av FN og folkemord-domstolen i Haag har Vesten gjort FN makteslaust, slik ein gjorde med Folkeforbundet før siste verdkrigen. Det er farleg. USA sin medverknad i folkemordet på palestinarane slår også beina under kritikken av Russland.

Eit heiderleg unnatak i den USA-leia delen av verda er Noreg, som, til likes med Spania, har auka støtta til UNWRA og nektar å vere med i USA sin nye krig mot Jemen. Noreg og Barth Eide har bede om våpenkvile og naudhjelp til Gaza. Det har ikkje hjelpt. Israel lit på evig støtte frå Europa, og at USA forsyner dei med pengar, våpen og veto i Tryggingsrådet.

Jordan flaug inn eit Herkules-fly med naudhjelp til Gaza – utan å spørje okkupanten. Noreg bør sende skip med naudhjelp til Gaza, og be USA garantere for tryggleiken, slik dei gjer i Raudehavet.

Stortingsfleirtalet vedtok før jul at Noreg skal anerkjenne ein palestinsk stat ”når det gagnar fredsprosessen”. Om nokon har vore i tvil, bør det no vere klårt for alle at Israel ikkje vil ha ein palestinsk stat. Det har Netanyahu og krigskabinettet hans slått fast i ord og handling. Skal det vere håp om at ein fredsprosess kjem i gang, må Israel pressast og palestinarane styrkast. Derfor må Noreg anerkjenne ein Palestinsk stat no.

Internasjonal boikott pressa Apartheid-styret i Sør-Afrika i kne, sjølv om Israel, England og USA ikkje var med. Vi ber regjeringa Støre ta initiativ til ein internasjonal boikott, de-investering og sanksjonar mot Israel.

Kine Sandtrøen og Gunnar Aarstein Raudt Vågan